Reisestipend til Dublin: ICML + EAHIL 2017

Av: Irene Hunskår, VID vitenskapelige høgskole, Bergen, Studiested Haraldsplass

I sommar deltok eg på konferansen ICML + EAHIL i Dublin 14.-16-juni med hjelp av reisestipend frå SMH. Dei fleste av SMH sine medlemmer kjenner nok forkortinga EAHIL som står for The European Association for Health Information and Libraries. Mange norske helsefaglege og medisinske bibliotekarar har vore deltakarar på både workshops og konferansar som EAHIL har arrangert i mange år i ulike byar og land i Europa. Meir ukjent er kanskje forkortinga ICML som står for International Congress on Medical Librarianship. Ein konferanse som blir halden kvart 4-5 år rundt om i heile verda. Konferansen i Dublin var den tolvte i rekka, og for første gong ble desse to store konferansane for medisinske bibliotekarar halden samtidig. Neste ICML konferanse skal vere i Pretoria i Sør-Afrika i 2021.

I forkant av konferansen var det to dagar med «Continuing Education Courses», og eg var så heldig å komme med på kurset «Room for a Review? Matching Review Type to Purpose and Search Strategies to Review Type» med Andrew Booth, Louise Preston og Mark Clowes, alle frå Health Economics and Decision Science, School for Health and Related Research (ScHARR), University of Sheffield.

Hensikten med kurset var å lære om ulike review-typar, vite om kjennteikn ved desse og kva krav og i kva samanheng ein kan bruke dei ulike typane review. Kursleiarane kunne ramse opp namn på over 50 ulike review (sjå figur ovanfor) som dei hadde funne i forskningslitteraturen, men på kurset fekk vi presentert og øvd oss på 8 ulike review-typar. Det blei stilt spørsmål om kvifor ein ikkje berre laga systematiske reviews som er sjølve «gullstandarden».  Svaret på dette er at det finst ulike forskningsspørsmål som krev ulike design, men ikkje minst er det eit spørsmål om kva ressursar og tid ein har til rådighet til å utføre eit systematisk review. Ofte blir review brukt til å ta avgjerder, både om behandling og medisinbruk, men også om økonomiske spørsmål som beslutningstakarar vil ha raske svar på. Då må ein ha metodar for å gjere hurtig, men godt arbeid både i høve til litteratursøket og resten av review-arbeidet.

For å hjelpe oss til å velge rett type review i denne «reviewjungelen», har Booth og medarbeidarane hans utvikla eit av sine mange anogram: RETREAT (eg har etter beste evne prøvd å oversette kva som ligg i dei ulike bokstavane)

R– research question; forskningsspørsmål
E- epistemology; kva for kunnskap ønsker vi å finne
T – time; kor lang tid har ein til å gjere ferdig reviewet
R – resources; kor mykje ressursar er det tilgjengeleg (også økonomiske ressursar)
+kor mange deltakarar
E – expertise; kva ulike kompetansar er nødvendig for å gjennomføre
(litteratursøk, vurdering, syntese, analyse)
A– audience and purpose; kven er mottakarane (oppdragsgjevarane) av reviewet,
og korleis skal det brukast, ekspertuttalingar, beslutningsgrunnlag
T – type of data and study; kva type av data vil bli inkludert, alle, kvantitative, kvalitative,
kun primærdata eller også andre reviews, lokal/regionale/nasjonale data

Dette er ei god huskeliste å ta med når vi blir invitert inn i eit review-arbeid og skal begynne å sette opp eit større søk.

På kurset blei desse review-typane gjennomgått i meir detalj (mine frie oversettingar frå foilar utdelt på kurset):

Evidence Briefing – har eit smalt, men fokusert forskningsspørsmål. Søker å finne objektive svar gjennom selektiv, pragmatisk og likevel representativ kunnskap av best tilgjengelige forskning. Det blir gjort søk i få databaser, og ofte er det berre ein reviewer som gjer alt arbeidet i løpet av 2-3 veker.  Målgruppa er ofte beslutningstakarar, forskarar, byråkrater eller klinikarar.

Mapping review – brei kartlegging av kunnskapsbasen for å finne forskningshull, utan påfølgande kritisk drøfting av resultater eller implikasjoner. Kun deskriptiv beskrivelse med bruk av mange typer ressurser frå ulike typar forskning.  Det blir som oftast ikkje gjort noko kvalitetsvurdering av studiane som blir identifisert i litteraturstudiet. Blir utført av ein reviewer i løpet av 4-16 veker.

Scoping review – smalt, men fokusert forskningsspørsmål. Prøver å tolke eit innleiandee spørsmål gjennom eit testsøk eller ein kartleggingsoversikt. Ser ofte på enkeltstudier og søker i eit begrensa tal databaser. Prøver å få oversikt over nye eller lite kjente begreper. Som oftast ein reviewer, mellom 8 og 24 vekers arbeid alt etter omfang.

Rapid Evidence Assessment – har eit smalt, men fokusert forskningsspørsmål. Analyserer og søker å finne svar på spørsmålet ved å undersøke programmer eller tiltak i praksis for beslutningstakarar.  Brukar dobbel reviewer, men søker i begrensa databaser.  8-24 vekers estimert arbeid.

Rapid Realist Review – startar med eit smalt forskningsspørsmål, men blir ofte utvida med teorigrunnlag. Prøver å formidle at svara er avhengige av konteksten –   «what works for whom in what circumstances». Brukar dobbel reviewer, men søker i begrensa databaser. 8-24 vekers estimert arbeid.

Systematic Review  (Attitudes)– smalt forskningsspørsmål, ofte spørsmål om fenomen, haldningar, barrierer eller andre faktorer som ikkje er effekt. Prøver å klargjere synspunkter hos deltakarar i studiene. Bruker både kvalitative og kvantitative studier.  Brukar dobbel reviewer, og søker i mange databaser. Både for beslutningstakarar og klinikarar. 36-52 vekers arbeid,

Systematic Review (Effects) – smalt forskningsspørsmål som ser på effekt av tiltak. Søker kun etter RCT’er. Brukar dobbel reviewer, og søker i mange databaser. Både for beslutningstakarar og klinikarar. 52-78 vekers arbeid.

Review of Reviews – breitt forskningsspørsmål med fokus på to eller tre element. Prøver å få oversikt over eit tema ved hjelp av andre review, med forklaring av metoder, studiekvalitet og inkluderte studier. Brukar dobbel reviewer,  og søker i mange databaser. 12-24 vekers arbeid.

I løpet av kurset var det tre ulike øvingar der vi fekk trene på å finne dei beste metodane for å lage review alt etter forskningsspørsmål og tema.  Kurset ga ein god gjennomgang av ulike review-typar, og ikkje minst gode begrunnelser og innsikt i nye måtar å tenke review på. Også korleis og kvar ein søker etter litteratur, ga ein god oversikt og eit godt hjelpemiddel i arbeidet med å jobbe i team som skal lage ein eller annan form for oversiktsartikkel. Kurset hadde fokus på oss bibliotekarar som informasjonsspesialistar og kva vi trenger å kjenne til og kva vi kan bidra med i denne type arbeid.

Nedanfor har eg samla nokre referansar for dei som vil lese meir;

Referansar:

Berg, R., & Munthe-Kaas, H. (2013). Systematiske oversikter og kvalitativ forskning. Norsk Epidemiologi, 23(2), 131-139.

Gough, D., Oliver, S., & Thomas, J. (2017). An introduction to systematic reviews (2nd ed.). SAGE

Grant MJ, Booth A. (2009). A typology of reviews: an analysis of 14 review types and associated

methodologies. Health Info Libr J. 26(2):91-108. Doi: 10.1111/j.1471-1842.2009.00848.x.

Kastner M, Tricco AC, Soobiah C, Lillie E, Perrier L, Horsley T, Welch V, Cogo E, Antony J, Straus SE. (2012) What is the most appropriate knowledge synthesis method to conduct a review? Protocol for a scoping review. BMC Med Res Methodol. 3;12:114.  doi: 10.1186/1471-2288-12-114

Malterud, K. (2017). Kvalitativ metasyntese som forskningsmetode i medisin og helsefag. Oslo: Universitetsforl.

Tholens, B., & Leegard, M. (2017). Forskningens ABC : Søke, lese, vurdere, bruke, skrive. Oslo: Sykepleien forskning.

Tricco AC, Antony J, Zarin W, Strifler L, Ghassemi M, Ivory J, Perrier L, Hutton B, Moher D, Straus SE. A

scoping review of rapid review methods. BMC Med. 2015 Sep 16;13:224. Doi:

10.1186/s12916-015-0465-6.

Tricco AC, Soobiah C, Antony J, Cogo E, MacDonald H, Lillie E, Tran J, D’Souza J, Hui W, Perrier L, Welch V, Horsley T, Straus SE, Kastner M. A scoping review identifies multiple emerging knowledge

synthesis methods, but few studies operationalize the method. J Clin Epidemiol. 2016 May;73:19-28.

Doi: 10.1016/j.jclinepi.2015.08.030.