Av Irene Hunskår, Universitetsbibliotekar, VID vitenskapelige høgskole, Bergen
Årets EAHIL-workshop var prega av to hovudtema: Systematic reviews og Open Science. Men inn i mellom workshopane om desse temaene, var det mange andre spennande, interessante og nye saker og ting som ein kunne få innblikk i. «Problemet» når det er så mange parallelle workshop, er ofte å vite kva ein skal velge på førehand, og ikkje minst få plass på dei workshopa ein ønskjer å delta på.
Med reisestipend frå SMH deltok eg på årets EAHIL-workshop. Katrine Aronsen har allereide skreve frå same konferanse, så litt overlapping kan det kanskje bli.